Forfattar Anna Kleiva og musikar Vilde Tuv framførar tingingsverket «Solplomme» på Telemark kunstmuseum laurdag 21. september. Verket blei skrive til Festspela i Ørsta i 2023 og hadde ein storslagen premiere ved ei seter inst i Romedalen. I musikk og tekst har Kleiva og Tuv arbeidd med å spegle omgjevnadane og skape ei fortetta oppleving av ein bestemt augneblink midt på sommaren – jonsok.
Framsyninga varer i om lag 45 minutt.
Ein sentral tanke er at når sola vender, står alt vidope. No kjem dei til eit Telemark der siste rest av sommarvarme kan henge att, og fargane i naturen speglar fargane i eit jonsokbål.
Tuv og Kleiva har tatt utgangspunkt i staden – i natur, klima og stemningar – som er spesifikt for Ørsta-området. Sola, blomane og bålet er viktige element, men dikta trekkjer også liner til tema som klima, fellesskap og uro. Musikalsk er verket samansett av omarbeidde feltopptak frå området, elektronikk, fløyter og vokal, framført i dialog med dikta.
Den 2. august 2024 kjem “Solplomme” som diktsamling på Oktober forlag. Det vil vere mogleg å kjøpe boka før og etter konserten.
Kunst i Spire
“Solplomme” er ein del av samtidskunstfestivalen Kunst i spire. Festivalen er eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Sørøst-Norge, Notodden kommune, Norsk Industriarbeidermuseum og Telemark Fylkeskommune.
Anna Kleiva (f. 1985) er ein prislønna forfattar og omsetjar som hovudsakleg arbeider med poesi og essayistikk. Sidan 2011 har ho gitt ut tre kritikarroste diktsamlingar på Oktober forlag. I tillegg gav ho i 2018 ut Echo Mountain, ei sjangeroverskridande og essayistisk hybrid-bok om Los Angeles, som utforskar byen frå ulike utsiktspunkt. Ho har også gitt ut chapbooks og skrive essays for mellom anna tidsskriftet Vinduet. Kleiva blir omtala som ei formmedviten og nyskapande poetisk stemme. I forfattarskapen behandlar ho tematikkar som stad, tilhøyrsle, natur, fridom, rørsle og språk. For diktsamlinga Vårar seinare (2015) fekk ho mellom anna Bjørnsonstipendet og Melsomprisen.