no en

Telemark Kunstmuseum

Tillit i ei uroleg tid. Rolla til kultur i vårt totalforsvar

Tillit i ei uroleg tid. Rolla til kultur i vårt totalforsvar
Foto: Anders Beer Wilse / Nasjonalbiblioteket

Tillit, beredskap og verdsarv på Rjukan-Notodden dannar bakteppe for dette seminaret.

Seminaret markerer starten på Forskingsdagane, der tema i år er tillit. Arrangørane er oppmoda om å sjå nærare på tillit ut frå ulike synsvinklar. Vi ønskjer å sjå på tillit som no er sette på prøve i mange samanhengar, som tillit til institusjonar, styresmakter og politikarar.

Arrangører: Universitetet i Sørøst-Norge, Telemark fylkeskommune, Notodden kommune og Norsk Industriarbeidermuseum 

Tid: 17.september kl. 18-20.30
Sted: Telemark Kunstmuseum

Verda er uroleg og styresmaktene vil vi skal vere førebudde på krise og krig. I dette scenariet må vi halde fast i noko som bind oss saman. Forsvarsjefen har slik sett sagt at kultur er ein del av totalberedskapen vår.

Tillit, beredskap knytt opp mot kulturvern og verdsarv på Rjukan/Notodden er tema for arrangementet. Alle med interesse og engasjement i kunst og kultur er hjarteleg velkomne, både frivillige, forvaltarar og forskarar.

Dette er eit Kunst i spire-arrangement.
Det er gratis og ein del av Forskingsdagene 2026 ved USN

Program

Direktør på Norsk Industriarbeidermuseum Anna Hereid ønskjer velkommen og introduserer møteleiar Maja Foss Five, kultursjef i Telemark fylke.

 

Panelsamtale

Førsteamanuensis og leiar av forskingsgruppa Kulturarv i bruk, ved Universitetet i Søraust-Noreg, Steffen Johannessen leier panelsamtale mellom deltakarane.

Innleiarar

  • Mahmoud Farahmand, stortingspolitikar frå Telemark. Sit i Justiskomiteen
  • Tone Cronblad Krosshus, førstelektor i drama og teater på Institutt for estetiske fag, Universitetet i Søraust-Noreg
  • Hedda Lombardo, assisterande generalsekretær i Kulturvernforbundet
  • Målfrid Ravnåsen Vangen, konservator – forskning og formidling, Norsk Industriarbeidarmuseum